Blod, sveitte, tårer, smil og adrenalinkick

I mange år var fjelltur noko ein gjorde til fots. Så byrja nokre å gå på topptur med ski. Og no? No er sykkel det neste store: Trø deg opp – og bli belønna med naturkick, adrenalin, fart og spenning på veg ned!

Tekst: Roy Sunde. Foto og video: Stine Bortheim/Steffen Herstad. 

 

Born og ungdom syklar over alt. Også der ein ikkje skulle tru det var fornuftig. Og så sluttar ein gjerne med det når ein veks til. Men ikkje alle. Steffen Herstad (35) er blant dei som gjerne syklar både opp og ned fjellet.

– Stisykling er sykling på stiar: oppover, nedover, eller bortover. Det skal utelukkande skje ved hjelp av muskel- og tyngdekraft. Naturen gir mest tilbake når ein har ytt blod, sveitte og tårer for den, gliser Steffen Herstad (35), som hevdar han vaks opp i villmarka opp i dalen i Naustdal. No bur han i Førde, saman med kona Sarita Williams frå Vågsøy og dottera Emily (Når du les dette kanskje pappa til to, sidan Sarita har termin 1. april). Til dagen jobbar han som elektrikar – men når han skal kople av vender han tilbake til villmarka – på sykkel!

– Kvifor driv ein med stisykling?

– Kvifor ikkje drive med det? kontrar Steffen. – Alt som får fram mjølkesyra, sveitte og breie glis samtidig er verdt å prøve! Vi sit nok timar på ræva i dagens samfunn. Og ein kan drive med stisykling så og seie overalt. Du må berre ha ein sykkel, fortrinnsvis med demping framme og bak – og hjelm. Thats it! Så er det slik som med alt anna, ein kan legge så mykje pengar i det som ein berre vil, men til sjuande og sist er det personen oppå det kjem an på, seier han.

Sjekk ut fleire bilete ved å trykke på galleriet

Sogn og Nordfjord i tet

– Nokre plassar er betre enn andre, med betre tilrettelegging. Ta til dømes Skottland og Canada. Der lønner staten folk for å bygge og vedlikehalde fottur/sykkelstiar i villmarka. Dei mest kjende plassane for stisykling her til lands er Hafjell, Trysil og Oppdal. Lokalt har Sogn, (Kaupanger) og Nordfjord (Sandane, Stryn) veldig gode tilhøve, heilt på høgde med dei beste i landet. Dei har vore heldig med topografi og jordsmonn, og utnyttar det til fulle. Sogndal har blitt eit omgrep i ski- og sykkelverda. Miljøet i Sogn og Nordfjord er betydeleg. Der vert det arrangert både Enduro-konkurransar og camp’ar og dei har ein meir organisert struktur, sett utanfrå i alle fall. Men grunnlaget byggjer på eldsjeler der også, seier han og fortel at Sunnfjord enn så lenge ikkje er like store på feltet.

– Det er ein del som driv med stisykling her i Sunnfjord også. Sunnfjord Stisykkel har 132 medlemer. Akkurat kor mykje sykling som må til før ein kan seie at ein driv med stisykling legg eg meg ikkje borti, smiler han.
– På landsbasis representerer Norsk Organisasjon for Terrengsykling (NOTS) dei organiserte innan stisykling og stibygging. Sunnfjord Stisykling er per dags dato ikkje organisert på anna vis enn ei Facebook-gruppe med same namn. Den har 132 medlemer, og den blir mest brukt til å legge avtaler om kor og når nokon har tenkt seg på tur, og om andre vil hive seg med. Og så til det som på fint heiter erfaringsoverføring, les bolsing, ler han.

Naturen gir mest tilbake når ein har ytt blod, sveitte og tårer for den, gliser Steffen Herstad

Sjekk ut fleire bilete ved å trykke på galleriet

På Soleide i Førde

Sveitte kostar ingenting

I Facebook-gruppa si diskuterer dei lokale entusiastane korleis ein kan betre tilhøva og få fram eigna løyper lokalt. Steffen er ein av dei som har engasjert seg i den debatten.

– Nøkkelen til suksess er samarbeid. I lys av diskusjonen som pågår rundt oss i desse dagar, er ikkje alle einige i det. Dei om det, seier Steffen og held fram.

– Skal vi reklamere for fylket og Sunnfjord, slik at vi kan lokke til oss tilflyttarar og turistar må vi tilby noko meir enn handelspark på Brulandsvellene og gruvedrift på Engebø. Stisykling er eit godt tilbod som er råd å få til, utan å måtte legge store midlar i det, seier han.

­– Det viktigaste er dialogen med grunneigarar. Før ein i det heile tatt set ein spade i jorda eller gjer noko som helst, må tillating frå grunneigarar vere i boks. Dei er sjølvsagt nøydde til å ivareta sine interesser og tenke langsiktig, og ikkje på ein gjeng lassisar som har lyst å sykle i skogen deira. Om ein får grønt lys frå grunneigar, ventar mange timar med dugnad.

I Sunnfjord har vi utfordringar med at dei fleste stiane går i bratt, steinete og ulendt terreng og over store myrer. Det er mykje stein som må bærast og klopper (enkle trebruer, red. mrk.), som må byggjast før ein får den heilheita og flyten som får fram den verkelege godkjensla.

Det blir stadig mindre beitedyr i marka. Skogen tetnar til og stiar gror igjen. For meg vil det vere prioritet å få fram igjen gamle stiar, rydde vekk skog og kratt slik at det blir framkomeleg igjen for både sykkel og fotgjengarar. Legge klopper over myrer og våtmarksområder slik at ein ikkje skader desse unødig, og bruer over bekker og småelver. Men skal det gjerast, så må det gjerast skikkeleg, slik at det blir bærekraftig og tåler det røffe og våte klimaet vårt, seier han.

– Ein god sti er eit kunstverk! Men det treng ikkje koste dyrt. Sveitte kostar ikkje peng. Det er berre utgifter til reiskap, spadar, hakker og likande, og eventuelt material som kostar. Men det ligg mykje vindfall og tre som ikkje har tålt vinterens bør rundt om, som ikkje er brukande til noko, så her ligg mykje gratis trevirke.

Stisykling i Måløy i 2015

 NOTS sine retningslinjer for sti-vett

  1. Ver omtenksam og hyggeleg i møte med turgåar.
  2. Du har alltid vikeplikt for fotgjengaren.
  3. Avgrens farten slik at du ikkje er til fare eller ulempe for andre, særleg langs vegar og stiar som innbyr til høg fart, eller i uoversiktlege parti.
  4. Brems ned til gangfart i god tid før du passerer andre på ein smal sti.
  5. Ikkje lag nye spor. Dersom du ikkje har ferdigheiter til å forsere ei hindring, gå av sykkelen.
  6. Unngå å sykle på spesielt sårbare stiar like etter periodar med mykje nedbør.
  7. Ikkje lag stien breiare ved å sykle utanom vassdammar eller hindringar.
  8. Bær sykkelen gjennom myrområde slik at det ikkje vert danna djupe spor.
  9. Ikkje lås bakhjulet i bratte nedoverbakkar.
  10. Dersom to syklistar møtest i ein bakke, har den som syklar oppover forkøyrsrett.