Bygget alle snakkar om

Fredag 29. april opnar Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand sitt spektakulære nybygg, skore ut av grunnfjellet. Og du er invitert til april sin store kulturhappening!

Sponsa innhald produsert av Rein Design.

I det du rundar frå Kong Beles veg og ned mot Holmen, følgjer du fjellskjeringa. Grått norsk grunnfjell, med litt farge på i form av graffiti. Men i det du ser ned mot Sognefjorden igjen glir skjeringa over i noko anna: foredla norsk grunnfjell – som reiser seg til Norsk Reiselivsmuseum. Det einaste bygget i Norge skore ut av grunnfjell! I inngangspartiet spelgar mektig Sognefjord-natur seg i dei store vindaugeflatene til Kafé Vindreken i andre etasje. På same knaus ligg historiske Kviknes Hotell. På andre sida av gata – ærverdige bygg som har sett turistar komme og gå i meir enn 150 år. Den mest kjende er nok den tyske keisaren Wilhelm II, som fekk bodskapen om utbrotet av første verdskrig på Kviknes Hotel. Jau, det er tindrande klart: Her skal Norsk Reiselivsmuseum ligge – litt forbi midten av Norges lengste fjord – eit av våre mest vitja reisemål.

Eit museum blir først eit ”ekte” museum når det kjem folk inn i det.

Formidlingsleiar Franziska Kraus og avdelingsleiar Connie Reksten. Foto: Musea i Sogn og Fjordane

Inn i fjellet

– Det ligg utruleg mykje arbeid bak museet, men eit museum blir først eit ”ekte” museum når det kjem folk inn i det – for å oppleve utstillingane, og nytte staden til å tenke over og oppleve historie. Bygget har alt eit museum treng – det som står att er å sette det ut i livet. Eit museum skal ikkje berre vere ein stad ein går til få for å finne ut av historie, eller stadfeste den, men ein livleg stad som inspirerer til å engasjerer seg i historia. Vi gler oss til opning, smiler formidlingsleiar Franziska Kraus og ønskjer velkommen inn.
Kjensla av å stige inn mellom veggar av granittisk gneis, glattsaga ut or fjellet – er ei blanding av katedral og høgtid. I eit lite siderom openber ein skjønsheitssfeil seg i ein vegg. Eit teikn på at ingenting er perfekt, og at fjell er – og alltid vil vere – seg sjølv nok.

29. april er det er offisiell opning, der Statsbygg gjev nøkkelen til Musea i Sogn og Fjordane, ved statsekretær Himanshu Gulati frå Kulturdepartementet. Ein høgtidlig seremoni, med innbedne gjestar og kunstnariske innslag. Same dag opnar utstillinga ”Reiseliv i Norge”.

– Frå klokka 18.00 til 21.00 er det ope hus og gratis inngang. Vi håpar så mange som råd kjem. Det er på Norsk Reiselivsmuseum ”det skjer” i Sogn og Fjordane denne kvelden. Det blir ulike kulturinnslag, både av musikalsk art og anna, samt overraskingar, lovar Connie Reksten, avdelingsleiar for Norsk Reiselivsmuseum.
– Og ikkje minst er dette første sjansen for folk flest til å sjå kva som skjuler seg inne i bygget alle snakkar om!

Bygget – ei reise verdt i seg sjølv

Bygget er eit museum verdig – og for mange grunn nok til å ta turen til Balestrand.

– Bygget vil for dei fleste vere den største opplevinga, i alle fall i starten. Vi ønskjer å gjere bygget til en attraksjon i seg sjølv. Konstruksjonen er unik – bygget er skore ut av fjell. No står du bokstavleg talt i grunnfjellet. Kanskje vil det renne inn litt vatn her og der, til ulike årstider. Det er eit levande museum, som går i eitt med naturen og i takt med årstidene. Og det var jo naturen som i si tid danna grunnlaget for utviklinga i norsk og globalt reiseliv og turisme: Søket etter naturopplevingar og dramatisk natur som fjord og fjell, smiler Connie.

Franziska viser vidare rundt i det 1800 rutemeter store bygget, til dei ulike utstillingane.

Det er cirka 550 rutemeter utstillingsareal i første og andre etasje, inkludert eit mindre areal i det nyopprusta Cooper-huset, som og er næraste nabo og knytt saman via terrassen utanfor. Hovudutstillinga er ”Reiseliv i Norge”. Det er sideutstillingar om Norske turistvegar, om Balestrand og om korleis det unike bygget fann sin plass i ein bergknaus i Holmen.
– Eg er spent på å sjå korleis folk opplever bygget – og kva tankar museet og utstillinga set i gang hos dei. For meg som formidlar er det interessant å få ulike perspektiv av gjestar frå nær og fjern. Det er spennande, fordi alle har eigne minne og erfaringar med ”å reise”.

Frå venstre: Lars Lentto, Aage Engesæther og Inger Marie von der Lippe

Den nyaste utstillingsteknologien

Om muset er skore av fjell, er utstillingane basert på moderne teknologi. Inne i hovudsutstillingshallen i andre etasje herskar verdig beherska innspurt-stemning. I eit hjørne koplar IT-designar Julius Jacoby-Pflug på harde livet. 80 ulike skjermar skal vere i aksjon når han er ferdig. I tillegg til prosjektørar og andre moderne løysingar. Museet er topp moderne, og kombinerer ulike digitale og visuelle løysingar med ”analoge” utstillingar. Du kan til dømes få eit gledeleg gjensyn med eit utval gode, gamle suvenir-artiklar frå ulike stader i Norge. Førstekonservator NMF og historikar Aage Engesæter har jobba med Norsk Reiselivsmuseum sidan 2007, og har vore prosjektmedarbeidar i utstillingsarbeidet sidan det byrja.

– Folk bør ta turen av to årsaker. Bygget er i seg sjølv ei eineståande oppleving. Huset sin arkitekt, Lars Lantto, har også teikna utstillingane. Det gjev godt samspel og heilskap mellom bygg og utstilling, som hevar opplevinga. Ingen av fjellveggane er dekka til, utstillingane er frittståande, så både hus og utstilling får skine. Romma sine kvalitetar er bevart, seier han og kjem til årsak to: – Utstillinga nyttar digital teknologi som let oss dele store mengder informasjon, utan å måtte bruke store areal. Her kan ein bruke mykje tid og kose seg med utstillinga, lover han.

Øvst i ei gardintrapp står den omtalte arkitekten, Lars Lantto.

– Det er fantastisk å sjå eit bygg ein har jobba med sidan 2007 stå ferdig, smiler han og justerer eit utstillinglys – som saman med ”rørleg” kunst set stemninga i inngangspartiet til utstillingshallen. – Det er eit bygg det berre finst eitt av i Norge: Vi har saga ut alle bereveggar av fjell – med diamantsag. Det hadde aldri vore gjort i slik skala før, så Statsbygg tente på den ideen, seier han og vender tilbake til jobben.

I kafeen sit Inger Marie von der Lippe, pensjonert avdelingsleiar, som starta og leia arbeidet med bygget fram til fullføring. No kosar ho seg med hjartebarnet.
– Det er eit fantastisk bygg – sjå berre på dette magiske lyset, seier ho og peikar på slissane i taket som fører dagslyset inn i hjartet av utstillingshallen.
Det gjev ei sakral stemning når sola kik fram mellom vestlandske vårskyer, og får veggane til å livne til. Overlyset betyr at rommet vil opplevast ulikt – alt etter ver, årstid og når på døgnet ein stig inn der.

Reiseliv, ferie og turisme angår oss alle. På eit eller anna vis er det del av våre eigne liv og vår eiga historie.

Eit par små glimt frå innsida i galleriet over.

Eit museum for alle

Norsk Reiselivsmuseum er i første rekke er eit temamuseum.
– I dette tilfelle for temaet reiseliv og turisme. Men det er også et arbeidslivsmuseum, som skal fortelle noko om reiselivsnæringa si historie i Norge, og eit museum som skal seie noko om grunnlaget for framveksten av reiselivet i Norge, naturen og søket etter naturopplevingar, seier Connie.
Det er ikkje tilfeldig at Norsk Reiselivsmuseum ligg ved Sognefjorden. Turistane i dag søker dei same naturopplevingane som tidleg på 1800-tallet.
– Eller gjer dei det? spør ho med glimt i auget – og gjev eit hint om at svaret er å finne inne på museet ein stad. Ho meiner også at ein tur på Norsk Reiselivsmuseum er relevant for oss alle.

– Et museum er en offentleg kulturinstitusjon som er ope for alle. Dette museet, som alle andre, er ”folket” sitt. Dette er musea si rolle i samfunnet. Reiseliv og turisme er ein viktig del av folk sin kvardag. Og ei viktig brikke og premiss i utviklinga av den velferdsstaten vi i Norge i dag er så stolte av. Reiseliv, ferie og turisme angår oss alle. På eit eller anna vis er det del av våre eigne liv og vår eiga historie. Dette har museet plikt til å seie noko om, formidle og la folk kjenne seg igjen i. Om vi ikkje får dette til, har vi gjort en dårleg jobb som museum, smiler ho og vender tilbake til arbeidet.
Det er 36 år sidan ideen om eit reiselivsmuseum dukka opp i Bergen, der ingen tok tak i det. Og 35 år sidan eit lokalt initiativ i Balestrand, beståande av Per Kvikne, Leif Grinde og Johs. B. Thue byrja å jobbe med prosjektet for alvor. I samråd med dåverande fylkeskultursjef Lidvin Osland søkte dei om statlege midlar til forprosjektet. No er ideen blitt verkelegheit – og bygget er berre nokre dagar unna opning.

Berre den hektiske og nervepirrande innspurten står att. Resultatet får vi 29. april.