– Er det noko gale, kjære?

Harald er frå Mars og dama hans er frå Venus. Det betyr at han i blant desperat treng ein månebasert tolketeneste.

Tekst og foto: Harald Brøyn

Eg hadde kjæraste i 1. klassen. Ein gong eg hadde ho på besøk så vart me plutseleg vekke, og mor mi leita huset rundt utan å finne oss. Då huset var søkt gjennom, gjekk ho ut og leita garden rundt. Hadde me blitt plukka opp av ein kvit varebil? Hadde me hoppa i høyet og ikkje komme oss ut igjen? Hadde me gått hand i hand for å bade i elva og møtt på nøkken? Ho runda hjørnet på hønehuset og såg to små skikkelsar i ein gammal Manta. Der satt eg i førarsetet, og kjærasten min satt som passasjer. Me var på søndagstur.

Eg var tidlig ute og stelte fint med damer. Ein Don Juan alt i 1. klasse. Full av livsglede og utan noko å bekymre meg over. Alt var enkelt. Me var kjærestar og me køyrte bil. Og sånn var det. Lite visste eg kor jævlig vanskeleg alt skulle bli.

Sidan den gong har jenter berre blitt meir og meir frå Venus, medan det av og til kjennest det ut som om eg fortsat sit igjen på Mars og rattar desperat på holkeføre i ein gammal Opel.

Saka held fram under annonsa

Berre stokkender og pingvinar er monogame?

«Eg har ikkje truen på monogami. Det fungerer berre ikkje. Det er heilt ulogisk. Det er berre stokkanda som klarar det. Og pingvinane.» Dette lira eg av meg i stupfylla ei gong. Sveiseblid på ein cocktail av irish coffee og kjærleikssorg hadde eg mista truen på alt som kunne minne om forhold. Sidan den gongen så har eg sjølvsagt komme på betre tankar og innser at det er håp i enden av denne tunnellen også.
Men når ein tenkjer over det så er det på mange måtar ulogisk at to personar skal flytte saman, få barn, og leve lykkeleg tett på kvarandre i 60+ år. Det hadde rett og slett vore for sant til å vere godt. Nei, det er berre i klissete Hollywood-filmar at to personar kan ha det grisegodt saman i meir enn eit par månadar før filmen blir «based on a true story». Det minkar av alt det «gode», og kjipe ting som ligg og lurer i botnen av kjærleiksgryta boblar til overflaten som små bobler som sprekk i kontakt med luft og gir frå seg små illeluktande «bluff!». Det er no at prøvelsane startar, og du ser om du har funne deg ein person som du fungerer (les; held ut) saman med. Som faste lesarar veit, så er eg ikkje noko ekspert på sånt. Snarare tvert imot verkar det av og til som om eg er ein omvendt Midas: alt eg tar i blir til drit. Men ein lærer av sine feil, og eit par ting har eg etter mykje prøving og feiling skjønt.

Knallhardt samarbeid

For at to menneske skal ha noko sjans til å leve tett på kvarandre i årevis, så kravst det knallhardt samarbeid. Ein skal gi og ta, og begge deler er like viktig. Om ein berre gir av seg sjølv utan å få noko tilbake, så blir ein utbrent og vurderer å bli homofil. Om ein berre tar, så er det andre parten som til slutt dreg inn årene, tek med seg halve platesamlinga og flytter ut. Dette er i teorien ikkje noko Hokus Pokus for normale oppegåande folk. Eigentleg er kardemommeloven grei i forhold også: «Man skal ikke plage (den) andre, man skal vere grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil». Som svigers sa: «Løyndommen er å balansere hatet.» Her trur eg det er viktig å skilje mellom personar og situasjonar. Det finst nok mange definisjonar på ordet «hat», og dei fleste vil nok kvi seg til å bruke det på andre folk. Det gjer iallfall eg. Eg hatar ingen. Om du er Jesus eller ein vanskeleg ex, eller ein plass midt imellom, så gidd eg ikkje bruke tid og krefter på å hate deg. Og hatar du din utvalgte, så får du berre komme deg heim igjen. Det er noko anna når me snakkar om situasjonar. Enkelte situasjonar hatar eg som pesten. Som når du kjøper noko, går inn i nabobutikken, og finn sama vara til halv pris der. Eller når du kjem opp ein morgon og katta har drite i sofaen, frua blir hysterisk, set himmel og jord i bevegelse, fysisk straffar katta før ho vaskar pute- og sofatrekk, og så plutseleg legg ho merke til at kattedoen, som du var så flink å tømme dagen i førevegen, er plassert med inngangen inn mot veggen. #denkjensla. Det er vondt å ha dårlig samvit for to kjære samtidig…og ein sofa.

Dei verkeleg store problema melder seg når ein gjev seg i gang og prøver å forstå det motsette kjønn. Her kan eg ikkje la vere å vere partisk. Eg har aldri, om ein ikkje skal tru på reinkarnasjon, vore ei dame. Så eg kan berre snakke ut ifrå mine erfaringar som mann, så får damene snakke for seg. Damer har ein måte å vere på som er heilt ulik oss menn.

Alt ein mann treng – sitt eige redningsrom…

Når den der dystre filmmusikken kjem på

Lat meg teikne ein scenario til deg: Du kjem heim frå jobb, det er fint vær og sola skin som om ho er galen. Bæremeisen sit i toppen av bjørka, briskar seg med fjøra og syng av full hals. Som det står i den store bogen: «Og han så at det var godt.» Du høyrer bilen til din kjære svingar opp i oppkøyrselen og dekka som møter grusen som vart strødd på isen for noko som verkar som ei æve sidan. Hadde du hatt hale, så hadde du logra no. Du dreg av deg t-skjorta i ein fart, solbrun og lekker smørar du inn nokre flekkar med motorolje på brystkassa og på hendene, passar på å få dritten godt inn under neglene, dreg ein kam med vatn gjennom håret, og rekk akkurat å setje i gang med noko arbeid i bakgarden før ho kjem gåande. Du er akkurat sånn som ho likar. Dette har du fått beskjed om mange gongar. Men denne gongen er noko forferdeleg gale…
Du skjønner det før du forstår det. Det er som når den skumle musikken kjem i filmar, du veit den litt snikande lyden av mørke tangentar på pianoet. Småfuglane merkar det også og held kjeft, og den eine skya på himmelen sig inn framføre sola og fargar omgjevnadane i eit filter av mørk usikkerhet. Eg trur følelsen du no sit med i magen kan minne om den du hadde fått om du låg og duppa i ein badering i Syden, og ein fire meter lang kvithai byrjar å sirkle under deg. Det varme smilet som du elskar ved din kjære har gjennomgått ein omvendt metamorfose: Sommarfuglen har krope inn i puppa igjen. I staden kjem det berre eit lite rykk i munnvikene. Du går bort for å hauste det vanlege «godt-å-sjå-deg-kysset», som du har lært deg å setje så umåtelig pris på etter ein lang arbeidsdag, men ho berre går rett forbi og forsvinn inn døra. Du blir ståande igjen litt perpleks i nokre sekundar før du med usikre steg følgjer med ho inn. Med luta nakke kryp du litt klønete inn i t-skjorta igjen, turkar nevane på buksa og blir ståande med skuldrene oppunder øyrene og nevane i lomma å lure på kva du skal seie. «Fin dag på jobben i dag kjære..?» spør du forsiktig, som om du dreg splinten ut av ein handgranat. Ho svarar ikkje. Berre rotar litt rundt på kjøkkendisken. «Treng du hjelp til noko, kjære?» prøver du igjen.
«Ja.»

No er du ille ute. You’re Fucked. Det er heilt tydeleg at du burde skjønne sjølv kva ho treng hjelp til. Korleis kan du stille eit så dumt spørsmål? Klart ho treng hjelp! Du begynner å vrenge hjernebarken, men det er som om barkebillene har gjort sitt inntog. Som om din eigen hjerne har forstått at det ikkje er håp, og regelrett gitt opp. Veslehjernen lener seg tilbake med ein grimase og ønskjer deg «good luck, sucker». Er det noko ho vil ha, noko ho vil du skal gjere, noko du ikkje skulle gjort, eller er det eit lurespørsmål for å finne ut om du er mannen for ho, eller om ho burde finne seg ein annan? Du innser at du kjem ikkje nokon veg vidare, og du mannar deg opp men angrar idet du seier den skjebnesvangre setninga: «…er det noko gale, kjære?»
Dette er spikaren i kista! Handgranaten eksploderer og no kan du berre gå ned og grava deg ned. «gudd bye». Slaget er tapt. Du er den mest udugelege mannen i verden, og strykeinstrumenta jamrar seg i det du etter ei overhøvling tek på deg skoa og tuslar lut i nakken og knekt ut døra.

Verktøy, og eit par kvadratmeter med einsemd, lindrar eit urolig manne-sinn.

Du käre lille snickerbo her kommer jag igjen

Det er på sånne dagar det er greitt å ha ei «snikkarbu». Alle menn burde ha ei sånn ei og den skal innehalde MINST 2 av desse 3 tinga:
1. Øl
2.Verktøy
3. Øl

Damer: Dykk er fantastiske skapningar, og me menn set umåtelig pris på dykk. Men dykk må vere så snill å vere tydelege med oss. Me forstår ikkje sånt. Me har ingen føresetnad for å forstå kva som er gale om dykk ikkje fortel oss det. Ein damehjerne er som eit land det ikkje finst eit kart over, og me står med eit kompass og prøver å orientere oss i tåke. Om me legg hovudet vårt aldri så mykje i blaut, tek ei idémyldring med kompisane, eller går vitskapleg til verks og vier 20 år av livet vårt til å finne ut kva som er gale: Det er ikkje sjans i havet at me skal finne ut av det. No way. Det er meir sannsynleg å vinne i vikinglotto…to gonger på rad.

Eg snubla over ein artikkel av ein psykolog som heiter Gray. Artikkelen er for lang til å gjengi i sin heilhet her, men i korte trekk skriv han blant anna at «(…)kvinner går inn i en relasjon med et mål om å forandre mannen. Mannen på sin side vil bare bli akseptert.» Vidare skriv han at når ei kvinne presenterer eit problem til ein mann, vil han ofte u-bevisst oppfatte det som om det er han som er problemet. Han skriv at ein bør prøve å unngå å presentere eit problem for mannen med mindre ein trur at mannen faktisk sit på ein løysing på problemet. Dette er fordi menn er fokusert på sin kompetanse og evner til å løyse problema og «ordne opp». Kvinner derimot, vil ofte gjerne snakke om problemet sjølv om ho veit at det ikkje fører til ei løysing. Sjølve snakkingen kan vere forløysande for kvinna, medan mannen vil helst tenke over tingenes tilstand i fred og ro. Gray avsluttar med at «Dermed får vi den situasjonen at mannen løper ut i garasjen for å drikke øl, mens kvinnen løper etter for å snakke om det.»
Heile artikkelen finn du her:
http://www.webpsykologen.no/artikler/menn-fra-mars-kvinner-fra-venus/
Men når det er sagt så vil eg påstå at som regel er alternativet verre. Å sitte åleine og spele Playstation kvar kveld. Komme heim og ville fortelle nokon kor bra alt har vore, og du lyt ta til takke med katten. Eg har alltid likt ein god utfordring, og det å fungere med ein make, er nok den ultimate utfordringa. Det er aldri kjedelig, og eg likar å tru at ein blir flinkare dess meir trening ein får. Og finn du ein person som du tykkjer det er verdt å halde ut med, og som tykkjer at du er «sånn helt O.K.», så er det berre å gje full gass. Men no har frua diska opp med ein heilt fantastisk pizza her. Med Jalapenos, soltørka tomatar, chili og masse ost. Og så har ho jammen meg satt på ein god serie også, så då er alle utfordringar gløymt. Me menn er enkle sånn.

Her kan du følgje bloggen til Harald

http://harbroyn.blogg.no/

Eit redningsrom byr på verktøy og øl – og ein arena for kreativitet