Jeg er fyllesyk i dag!

Som forelder får du på eit vis ein andre barndom: Du føl barnet dine sine opplevingar i leik, læring og meistring, og ser dei dag for dag gjere nye erfaringar og opplevingar – og veks som personar. På godt og vondt…


Tekst: Roy Sunde. Foto: Stine Bortheim.

I dei tidlege fasane av livet har du bortimot full kontroll over kva musikalske og visuelle inntrykk ungane dine får. Du fyller kjærleg på med dei korrekte filmane, klassiske pop- og rockperler og prøver så godt du kan å gje borna ein god ballast med vidare i livet. Og så oppdagar du at verda motarbeider deg…

Saka held fram under annonsa

Ein prøvar så godt ein kan…

Eg har to yngre søstre, som hadde fantastisk god musikksmak som ungar. Mykje fordi eg, som den gode storebror, påverka dei så godt som eg kunne. Og så vaks dei til, fekk venner som byrja å påverke, og seinare kjærestar, som braut ned den gode jobben eg hadde gjort. Og no er eg i same situasjon med mine to små born!

SFO, barnehagen og venner er byrja å spele inn deira forslag til kva som er god musikk. Og eg må berre seie det med ein gang – eg er slett ikkje alltid einig

Desse ytre påverknadane som skjer medan eg sit og jobbar for føda, har så langt resultert i at eg har måtte finne meg i at Justin Biebers ”Baby, baby ooh” er rekna for gode greier i heimen vår, og har vore det lenge. Heldigvis er den byrja å gå i gløymeboka.

Lang verre ser eg på at eldste dotter mi kjem heim og forlangar i ramme alvor å få høyre ”Møkkamann” med Plumbo, eller at ho syng ”Vi tar en pinne for landet” med Freddy Kalas. Ho anar jo ikkje kva ein pinne er i denne samanheng, men det gjer truleg eldre folk når ho går forbi dei og ho gnålar i veg. Og det er vanskeleg å sjå sjarmen i det når far sit med ruta nede og pratar med noko, og dei to i baksetet sit og unisont messar: ”Møkkamann. Møkkamann. Møkkamann!”

Enkelte som ikkje kjenner til låten kunne finne på å ta slikt personleg…
Tilfeldig forbipasserande som vitnar ein av disse seansane, tenker nok at eg ikkje er mykje til kar…

Langt meir uskuldig, men minst like irriterande, er det å innsjå at Marcus & Martinius har fått innpass i heimen, hardt støtta av to av medlemene i husstanden, til i alle fall den eldste i husstanden. Songen ”Slalom” har gnege seg så langt inn i hypofysen min at eg automatisk får eksem når eg høyrer den.

Heldigvis har dei ikkje enno fått tilgang til marknadsfenomenet Marcus & Martinius. Eg kvir meg til dei oppdagar heimesida med eigen nettbutikk…

Kjære artistar – betre tekstar, takk

Men alle slike barnesongar, og alle tekstar på engelsk for den del, har den fordel at dei ”maskerer” bodskapen, som ungane syng med på av full hals. Så heldig er ein ikkje alltid, spesielt ikkje om ungane roter seg bort i kategorien: Rølp og party-låtar på norsk!

Og der nærmar vi oss problemets kjerne: Nemleg at enkelte tekstar set deg som forelder i ein litt seig situasjon. Og i blant har ein ingen andre enn seg sjølv å skulde på. Eller, rettare sagt, dei namnlause folka på Spotify, som i dette tilfellet er det eigentlege problemet.

Eg var på veg for å hente eldste dotter, og i baksetet sat yngste dotter. På telefonen har eg Spotify, med diverse spelelister. Ei av desse heiter Discover Weekly. Konseptet er enkelt: Kvar måndag blir den oppdatert med ei ny liste med kurerte låtar. Av ein eller annan grunn er det ofte mykje finsk musikk, men det dukkar også opp mange perler og gamle halvkjente låtar. Eg har den på offline, slik at den alltid er tilgjengeleg for bilturar. Og denne dagen sat eg den på.

Sidan dette var ei slags norsk-finsk veke med obskure ting i grenseland mellom rock-/ danseband, vart det ein del skipping. Brått kom det ein låt som virka lovande i starten, men alt etter fem sekund small det:

”Jeg er fyllesjuk i dag, hipp hurra, hipp hurra, jeg er fyllesjuk i dag!”

Herregud, tenkte eg og hoppa til neste spor. Og trudde eg var i land. Men nei då, i baksetet kom det ein skikkeleg meltdown.
– EG VIL HØYRE DEN!

Utsegnet vart gjenteke cirka 15 ganger på 27 sekund, og volumet, som var imponerande frå start, vart auka gradvis til det stabiliserte seg på 11 (Vanlige forsterkarar går berre til 10…). Det er utfattelig kor mykje lyd som faktisk bur på innsida av ein fem åring, som føler seg motarbeida og grovt forulempa.

Mine innspel på kvalitetsnivået, og forsøk på å heller spele noko bra gammal rock, det fall på steingrunn. Og som den postmoderne, pinglepappaen eg er, tenkte eg at eit par minutt med Torgeir og Kjendisene, det er tross alt betre enn ein unge som vrælar av full hals.

Så ho fekk høyre den.

Og du hending kor eg har angra. No er det favorittlåt hennar, og ho fekk søstra med seg på den. No masar dei om den støtt og stadig. Kvar gong vi køyrer bil kjem det taktfast frå baksetet: ”Fyllasjuk! Fyllasjuk! Fyllasjuk!”

Du føler deg ikkje som årets pappa då. Og den yngste går og syng den – heile tida – overalt. Du føler blikka i nakken når du går og handlar medan femåringen lukkeleg og glad tuslar rundt deg og gaular: ”Jeg er fyllasjuk i dag, hipp hurra!”

Eg tippar dei gjer det når eg ikkje er der også, til dømes på skulen eller i barnehagen, barnebursdagar og andre slike arenaer. Det får ein jo til å undrast kva andre tenker om heimesituasjonen hos familien Sunde. Det er nesten så eg ventar på ein telefonsamtale frå ein eller annan.

Så om du ser ein mann på 45 år, som tuslar dukknakka rundt på ein butikk, på ferie, eller berre gatelangs i Førde, medan to lukkelege barn går rundt og prisar det å vere fyllesjuk, så vit at det ikkje reflekterer meg på noko vis. Anna enn at eg var uheldig med musikkvalet mitt i fem sekund…

Og det verste er at eg veit det finst langt verre låtar der ute. Eg gruar meg til den dagen dei oppdagar russelåtfenomenet…