Rockar og fotograf

For dei fleste er David Zadig kjent som ein av dei fremste fotografane her i fylket. Det ikkje like mange veit, er at han også er musikar, og for tida bidreg med talentet sitt i ein konserthyllest til avdøde David Bowie. Klart vi måtte sjå i spelelista hans.

Tekst: Roy Sunde. Foto: David Zadig.

– Prosjektet starta ved at nokre lokale musikarar – Øyvind Selvik, Kåre Sandvik og Mats Systaddal – kort tid etter at Bowie døde tok initiativ til eit kjekt prosjekt, som tok litt av her lokalt. Produksjonen tel no 10 musikarar og songarar, som dekker ulike aspekt av David Bowie. Eg høyrte om det på eit seinare tidspunkt, og spurte meg inn som songar. Dei gav meg songen ”Young Americans”, sidan eg er amerikanar, og eg er ung…No syng eg eit par songar til, og korar på andre. Så langt har vi gjort fire konsertar lokalt, og i Bergen, og så skal vi til Florø, 17.09, og Førde, 24.09, seier han.

– Men har du nokosinne vurdert ei karriere som musikar?
– Nei! Og musikk er ikkje noko som inspirerer meg i min karriere som fotograf heller, smiler han.

Saka held fram under annonsa

I bilen, men ikkje på trening

Som for dei fleste av oss er forholdet til musikk av det pragmatiske slaget.

– Forholdet mitt til musikk er nok slik som dei fleste har det: Eg lyttar til musikk i bilen, og medan eg jobbar på datamaskina. Eg høyrer faktisk ikkje på musikk når eg trener fordi, vel, eg trenar ikkje, ler han.
– Eg har i grunn ikkje ein favorittartist.. Det er for mange å velje mellom, og eg har aldri hatt ein slik klar favoritt. Eg har favorittar her og no, som endrar seg, seier han og beskriv sitt forhold til musikk gjennom livet.

– Eg har roa meg i åras løp. Før var det gjerne acid- og psykadelisk roc, no er det meir roots-rock sprinkla med litt country, og gjerne litt lett jazz.

– Kva var den første plata du kjøpte for eigne pengar då?
– Eg er flau over å måtte svare eit eller anna med Bobby Sherman. Eg klarar ikkje/vil ikkje huske kva plata heiter.

Fire kjappe:

– Konsert eller sofa?
– Konsert.

– Vinyl, CD eller strøyming.
­– Strøyming no for tida, men eg saknar album-opplevinga.

– Pop, country eller rock?
– Ja til alle tre.

– Du bestemmer deg for å sigle jorda rundt åleine, og kan berre ta med tre album?
– Beatles ”White Album”. Kom igjen – det er the ”White Album”. ”A Reality Tour” (Bowie) – det fangar den liveopplevinga av Bowie eg aldri fekk. Eg føler meg frå-røva noko stort. ”All Things Must Pass” (George Harrison) – rett og slett storarta musikk for ei reise.

– To beste songar å ha på i bakgrunnen medan du fotograferer?

– ”Sweet Potato”, Cracker. ”Stuck”, Giant Sand.

– Dei tre viktigaste låtane i livet ditt?

– ”Baby Blue”, Badfinger. ”Lovers In a Dangerous Time”, Bruce Cockburn. ”Closer to the Light”, Bruce Cockburn.

– Tre favoritter du har spelt sjølv live?

– ”Wedding Day”, Cracker. ”If you Fall”, Steve Earle.  ”Good Lovin”, Grateful Dead.

– Tre guilty pleasures?

– ”Ecstasy”, The Rasberries. ”Overnight sensation”, The Rasberries. ”The Most Beautiful Girl – In the Room”, Flight of the Conchords.

– Dine tre favorittsongar akkurat no?

– ”Kings and Queens”, Thirty Seconds to Mars. ”Yer Ropes”, Giant Sand. ”If You’re Still There”, Chris Trapper.