Breisladd!

For tida står Iren Moen (24) og sambuar Andrè Birkelid (31) og skrur bil for harde livet. Målet å få bilen til Iren klar til helga: For då skal det breisladdast for alvor!

Tekst og foto: Roy Sunde.

Iren er inne i sin første sesong som drifting-førar. Målet for denne sesongen er å få mest mogleg trening, så ho står godt rusta til neste års konkurransesesong.
– Drifting er enkelt og greitt kontrollert sladding, smiler Iren Moen og ønskjer velkommen. På Åmot i Naustdal står ho og sambuar Andrè i garasjen og stirrar ned i motorrommet på bilen hennar. Enno står mykje mekking att på dei begge før bilen er klar til å vise yte maksimalt.

– Eg har hatt mykje styr med bilen i år, så eg håpar å få den i stand tidsnok, slik at eg får køyrt den for alvor for første gang i år, slår ho fast. – Andrè kjøpte bilen i 2011. Eg prøvde den for første gong året etter. Og i fjor haust kjøpte eg den. Ein køyrer ikkje for fullt i andre sine bilar, så no gler eg meg til å få skikk på den og få sjå kva den er god for. Vi prøvar å bli klar til helga. Då skal vi på Volkswagen-Audi-treff. Det er feil merke, men dei har ein breisladd-konkurranse som er open for alle.

Saka held fram under annonsa

Tidleg biten av motorbasillen

For tida handlar livet til Iren om tre ting: Borna, vektarkurs og driftebilen hennar.
– Eg held på å ta vektarutdanning. Og eg vart mor i ung alder, og no har eg tre, så det har gått radig, ler ho.

– Eg har alltid hatt interesse for bil, men ikkje alltid hatt høve til å drive med det. Før eg fekk lappen var det faktisk hest eg dreiv med. Så fort eg fekk teke lappen og byrja å køyre bil, tok bilinteressa heilt over. Og etter at eg var på Gatebilmessa i 2011, og såg drifting der, vakna interessa for dette for alvor, seier ho og fortel kvifor det vart akkurat drifting ho valte å byrje med, og ikkje andre former for motorsport.

– Det er i drifting eg finn den spenninga som passar for meg. Eg er glad i action i kvardagen, men likar veldig godt å ha kontroll også. Det er det drifting handlar om. Du må ha god kontroll for å klare deg i denne sporten, seier ho. – Men hadde det ikkje vore for at Andrè kasta meg inn i førarsetet i mai 2012, hadde eg nok ikkje blitt bitt av basillen. Eg fekk verkeleg smaken på dette etter å ha fått prøvd meg nokre runde på Vålerbanen, smiler ho.

Veksande sport

Både Iren og sambuar Andrè driv med drifting. Og det er dei slett ikkje åleine om.

– Det byrjar å bli ein del som driv med dette her omkring, spesielt i Naustdal og Florø.
– Det er vel rundt åtte som har eigen bil i Naustdal, og så eit par som er under bygging, seier Andrè etter å ha gjort ei mental oppteljing, før han fortel at dei nyttar motorsportbana i Kråkenesmarka til trening.

– Du treng ikkje den store plassen for å trene drifting. Det held med ein sving og ei strekke, og det har vi det. Då kan du sette opp eit tangeringspunkt og få køyrt ein kombinasjon. Vi open trening kvar 14. dag, slik at folk kan komme og sjå, eller prøve seg sjølv, om dei har ein bil dei torer å bruke til slikt, smiler Andrè.

– Det blir ein del bulkar med andre ord?

– Det kan i alle fall bli det, seier Iren. – Ein testar jo heile tida grensa, på kor nær ein kan ligge, utan å vere borti rekkverket. Du skal så nær som mogleg. Det er ein hårfin balanse.

– Det er ein driftetrase under bygging i Kråkenesmarka, som skal vere ferdig til neste år. Då får ein litt meir å spele seg på. Når du skal køyre konkurransar treng du fire-fem svingar, slik at du kan sette saman kombinasjonar. Og så blir du dømt ut frå kor nær du kjem kanten, og kva vinkel du har på bilen.

Dyr hobby?

– Er det dyrt å drive med drifting?
– Det er nok ikkje ein billig hobby dette, smiler Iren. – Men det er litt etter kva ein gjer ut av det. Du får ein bil med greitt mykje utstyr på frå 50.000 kroner, og doblar du det har du ein heilt ok bil. Det varierer litt, prisnivået på marknaden varierer.

– Om du køyrer for moro skuld, kan du trene med ein heilt vanleg EU-godkjent bil. Men om du satsar på å konkurrere blir det fort litt nivå på budsjettet, skyt Andrè inn.

– Då ballar det på seg med ei lang liste krav til bilen som må oppfyllast, spesielt innan tryggleik. Alt skal vere på stell! Og du treng ikkje veldig stor motor for å har det morosamt med drifting, men skal du hevde deg i toppen krev det ein del krefter.
– Kva kostar bilen din då?

– Eg er faktisk ikkje sikker, seier ho og ser ut til å rekne i hovudet.
– Det er slike tall som går i mørkeboka, ler han.

– Eg kjøpte min bil og motor av Andrè for 100.000 kroner, og så har eg nok lagt ned 50.000 kroner til i den så langt.
– Om du skal kjøpe ein bil som er lisensiert og klar til køyring må du nok ut med 200.000 og oppover, seier han.

Vil ut i verda

Målet no er å få fleire sponsorar, og komme seg ut i verda.

– Eg har ein sponsor per no, Hatlestad Trafikkskule. Eg håpar å få fleire på laget etterkvart, seier ho. – Målet er å konkurrere mykje framover, og bli så god at eg får reist ut i Europa og konkurrert i Queen of Europe – den europeiske ligaen for kvinner.

Drifting i organisert form har ein hatt i Norge i ti år.

– Dei beste i Norge held høgt nivå. Mange av dei lokale førarane held bra nivå. Det handlar berre om å ta steget ut og satse, seier han.

– Det er jo ikkje alle som ønskjer å konkurrere. Nokre vil berre ha det kjekt, andre ønskjer å lage litt show. Dette er min første sesong, og eg syns sjølv eg har utvikla meg fort. Øving gjer meister, så eg må berre få køyrt mest mogleg. I år har ikkje bilen fungert så bra for min del, så det har blitt ein del køyring på større arrangement. Eg har ikkje fått trena så mykje som eg ønska, grunna reparasjonar og utbetring av bilen mellom slaga. Så langt har eg hatt to turar der bilen har fungert optimalt, avsluttar ho.

Om du har lyst å følgje Iren vidare, så kan du gjere det her:

https://www.facebook.com/irenmoendrifting/

Faktaboks:

Drifting som motorsport fekk sin spede start i All Japan Touring Car Championship for over 30 år sidan. Føraren Kunimitsu Takahashi vart kjent for ein køyreteknikk der han trefte apex, altså den punktet der bilen er nærast det inste punktet i ein sving, i høg hastigheit, for så å drifte gjennom svingen i høg fart. Det førte både til at han vann fleire meisterskap, og at han fekk hordar av fans som likte synet av rykande dekk. I Norge vart sporten organisert i 2006. Vår mest kjente driftingsjåfør er Fredric Åsebø, som likegodt var verdsmeister hausten 2015.

Fire kjappe:

– Som naustedøl: kva forhold har du til resten av fylket, og kva nyttar du fylket til?
– Då må eg vere så ærleg å seie at eg brukar Austlandet meir enn eige fylket. Eg er austafor så godt som kvar månad, både i samband med motorsport og så har eg ein del venninner der nede som eg vitjar.

– Kva gjer deg lukkeleg?
– Eg har tre born, og dei kjem først av alt. Dei gjer meg lukkeleg. Og utanom dei er det den kjensla av meistring og glede eg får når eg er ute på bana.

– Kva ser du mest fram til akkurat no?
–  Å få køyre, det er ikkje til å legge skjul på. Håpar å få bilen klar nok til helga. Vi har full fokus på det som står att for å få bilen til å gå som den skal: skru saman turboen, lufte clutchen og litt anna.

– Kven frå Sogn og Fjordane burde vi intervjue i denne spalta?
– Reidar Fjøsne Skartun. Han er den einaste i Sogn og Fjordane som satsar stort på motortuning, og han er ekstremt dyktig til dette. Folk reiser land og strand rundt for å få tuna motorane sine i Gaupne hos han.