Lengta heim til fjord og fjell

Førdianaren Anders Furevik utdanna seg til animatør, og  reiste ut i verda på jakt etter jobb. Og  fann det i Luxembourg og London. Nyleg bestemte han seg for å vende heim, og satse med heimbyen som base.

Tekst: Roy Sunde. Foto: Joachim Vie.

Anders flytta til Luxemburg i 2011. Og fem månadar seinare til London, der han vart i fire år.

– Eg starta jobbinga i Luxembourg på ein TV-serie som heiter ‘Michel’. Når prosjektet var ferdig blei det London neste, der eg begynte å jobbe meir med illustrasjon i ulike former. Der starta det med ein teikneserie, som så gjekk over til dataspelutvikling -som er utruleg moro, seier han og fortel at han aldri hadde sett for seg å flytte til London før han faktisk gjorde det.

– Eg tenkte aldri på London som ein stad å bu for meg. Under ein studietur på vidaregåande bestemte eg meg for at London var ein stad eg aldri ville flytte til- så feil kan man ta. Men eg fann meg no til rette i London på trass av det høge tempoet, der er jo litt for ein kvar. Men likevel, eg sakna fjella og fjordane. Eg er svært glad i å gå i fjella, forklarar han og seier eit tilfeldig møte i romjula satt ting i rørsle.

– Mens eg budde i London, møtte eg Gregory Idehen. Han driv også med illustrasjon og animasjon, og kjem opphavleg frå London. Men han har flytta til Førde. Eg møtte han aldri i London, men derimot på Pikant andre juledag, medan eg var heime på juleferie i fjor. Vi begynte dermed å snakke om å dra i gong noko her, seier han.

Dermed leigde Anders kontorplass i lokala til Rein Design, i Kommunikasjonshuset Riksvegfem, der også Mediebruket held til.

Saka held fram under annonsa

Digital kvardag – globale moglegheiter

Ein skulle kanskje tru at det var betre å halde til i ein storby når ein driv i eit ”smalt” yrke. Men det spelar liten rolle.

– Sidan alt eg leverer er digitalt stort sett, er ikkje fysisk plassering eit problem lenger. Kundane kan vere kven som helst. Tidlegare har eg hovudsakleg jobba i studio som har produsert seriar eller spel, men sidan eg flytta heim har det blitt mest lokale kundar. Lokale bedrifter som treng noko illustrert eller animert, og det er enkeltpersonar som har noko eg kan hjelpe dei med. Eg siktar meg også utover, så eg jobbar med å bygge eit publikum på Instagram for å marknadsføre meg.

– Kva er framtidsmålet?

– Det har vore ein draum å starte eit eige studio, og det hadde vert heilt utruleg kult å få det i gang her i Førde. Så langt verkar det veldig lovande, dei eg har snakka med er utruleg positive og hjelpsame, så eg håpar alt dette er ein indikator på korleis det vil verte framover. Eg vil nå eit punkt der vi kan produsere våre eigne produkt og merkevarer, og samtidig levere tenester til andre. I animasjons-bransjen jobbar mange på kontrakt og hoppar ofte over landegrenser, så med det riktige prosjektet tenker eg det må vere fullt muleg å lokke dei hit til fagre Sunnfjord.

Gi liv til bilete

– Kva er ein animatør?
– Ein animatør setter bilete i bevegelse, det kan vere alt frå å gje liv til karakterar i teiknefilmar, til å gje ekstra ”svisj” til tekstar og anna grafikk. I oppveksten gjekk det mykje i filmar, spel, teikneseriar, du skjønner. Ja og så teikna eg mykje då, den eldre bror min Øystein inspirerte meg med sine teikningar, og dette blei til noko eg ville gjere ei karriere ut av. Eg har ein lidenskap for teikning, og dei står heilt sentralt i tradisjonell animasjon som eg studerte.

Fire kjappe:

–Som førdianar, kva forhold har du til resten av fylket og kva nyttar du det til?
– Det er jo heilt vanvitig fint her. Eg likar å gå i fjellet, men også å rusle meg turar berre for å sjå på omgjevnadane. Det inspirerer, og er noko eg kan nytte i mitt eige arbeid.

– Kva gjer deg lukkeleg?
– Ein solskinnsdag ved sjøen. Å ta med maleutstyr på tur for å slappe av med eit landskapsbilde. Det augeblikket når du har jobba i timesvis med noko, og så plutseleg fell bitane på plass.

– Kva ser du mest fram til no?
– Raptus Tegneseriefestival i Bergen, eg har aldri vert der før så det er eg veldig spent på. Bestilte likegodt eit utstillingsbord der saman med Gregory, så det blir definitivt spennande ja!

– Kven frå Sogn og Fjordane bør vi intervjue i denne spalta?
– Då seier eg Asbjørn Lote! Eg er veldig spent på kva han kjem til å utrette.