Lengar heim

May Grethe Lerum forlèt heimbygda Sogndal for å utdanna seg då ho var yngre. Og så vart ho der ute i verda. Men no er ein av Norges mestseljande forfattarar byrja å snuse på heimtraktene igjen.

Tekst: Roy Sunde. Foto: Privat.

Røtene hennar ligg i Fardal og Sørheim. Men ho enda til slutt opp i Oslo, der ho bur og jobbar som frilansar for forlag, ulike media og organisasjonar.

– Eg flytta tidleg til Hallingdal for utdanning og jobb som journalist, og enda i Oslo. Eg har tre vaksne barn, og vi bur alle i Oslo-området no. Eg arbeidar som frilansar for forlag, ulike media og organisasjonar. Eg er fast spaltist i fleire aviser, litteraturmeldar for Prosa, og arbeider som redaktør for andre forfattarar. Eg har også enkelte oppdrag for skular og organisasjonar, som kulturformidlar eller skrivekurs-leiar.

– Du røpa nett i eit intervu at du vil heimover. Kvifor?
– Rett og slett ei heimekjensle. Å kunne symje ut frå den same stranda der eg lærde å symje. Å treffe folk ein har felles minner med er kjekt. Men det handlar nok også om at eg likar sjølve mentaliteten her, det robuste og ujålete. Dessutan skjer det mykje spanande i fylket, både på kulturfronten og ikkje minst innan nyskapande jordbruk og matproduksjon, seier ho og fortel at ho der har ein lidenskap ho dyrkar så ofte ho kan: Matlaging.

– Det å samlast kring eit måltid er lim som held menneske saman, som familie, partnerar eller storfamilie. Djupast sett handlar jo maten om å overleve, men i dag er det heller sjølve matgleda som er truga. Å lage ekte, god og gjerne tidkrevjande mat til folk – for meg er det er ein måte å vise kjærleik på, seier ho.

Saka held fram under annonsa

May Grethe er mest kjent for bokserien ”Livets døtre”, på 35 bøker, som samla har selt over 2.5 millionar eksemplar, og no seinast boktriologien ”Solstrom”, der siste bok kom i 2013. I fjor gav ho ut ei quizbook.

– Har du noko nytt på gang?

– Det er alltid nokre halvferdige og ikkje påbyrja forteljingar i «skuffen». Eg har arbeidd mykje med ein idé om ein roman frå ei verd eg sjølv vil dikte opp, men er ikkje sikker på at eg greier å få det i hamn, seier ho og svarer på kvar inspirasjonen kjem frå.

– Eg har alltid meint at skriving er 95% transpirasjon.

Fire Kjappe:

– Kva forhold har du til resten av fylket? 

– Ved sida av barndomsbygdene i Sogndal og Luster er eg svært glad i Selje. Staden er magisk, særleg dersom ein også er open for den heilt spesielle religiøse konteksten. Der har eg både henta stor inspirasjon som forfattar, og hatt gode stunder med familie og vener. Men eg trivst jo nesten alle steder der det er djup fjord, høge fjell – og mykje ver.

– Kva gjer deg lukkeleg?

– Lukka er vanskeleg å beskrive som vedvarande tilstand, eg opplever ho meir som små stjerneskot av uventa glede. Det kan vera alt frå den vesle lappen med gode ord frå dottera, til meldinga om at bilen passerte EU-kontrollen. Å ha nokon å dele lukka med er vel eigentleg den største lukka.

– Kva ser du mest fram til no?

– Septemberkveldar kring eit bål i strondi, med familie og vener. Før det skal eg på Aschehougs hagefest, det er som regel artig.

– Kven frå Sogn og Fjordane bør vi intervjue i denne spalta?

– Mi trivelege og dyktige venninne Oddrun Midtbø. Ein engasjert og proff journalist/skribent og kunstnar, som også legg ned mykje ulønt arbeid for rettferd og medmenneske.