Reine ballar og vagina-spa

2re har vore ein flittig avislesar i sommar. Og han deler gjerne høgdepunkta med deg.

Tekst: 2re

Vi skriv august, og snart er alle kvinner og menn tilbake til pumpene for å sveive i gang landet igjen. Det har vore stilt lenge nok. Vi har kosa oss med late dagar, god mat, jaga kveps og slått etter flugene, smurt oss inn med solfaktor og lurt på kvar i helsike yr.no hentar vêrinformasjonen sin frå.

Som den gamle mannen eg er i ferd med å bli, så synest eg det er kjekt å lese ei avis, gjerne analogt, men eg brukar også nettutgåvene. Og det skal seiast. I sommar har eg verkeleg måtte bøye meg i hatten for kva journalistar kan hoste opp av nyttig informasjon.

Trass brutale og groteske terrorhandlingar i Europa, Brexit, kontinuerleg bombing av syriske byar og eit fotball-EM så kjedeleg at sjølv den mest ihuga fotballnerden sovna framfor TV’en, har landets største aviser funne det verdt å dele enkelte lystige ”godbitar” med oss. Lesnad som skal hjelpe oss til å ha det betre, og bli meir kunnskapsrike.

VG har testa kjendisbehandlinga Vagina-detox. Wow!!! Eg må berre vedgå at eg aldri har høyrt om tilbodet før avisa testa det. Ei spabehandling mellom beina, som i følgje avisa skal bidra til anti-stress og betre sex. Du verden! Kan ikkje forstå anna enn at det må poppe opp mange slike spa-avdelingar over heile landet.

Saka held fram under annonsa

Den same avisa har også linka ein artikkel som informerer oss om korleis ein skal hindre mannen sine ballar å lukte. Dei spør om det er på tide med ei understellsbehandling. Her er oppskrifta: ”Gi hurraposen en omgang med såpe og klut, men sørg for å skylle godt; såperester kan fort gjere vondt verre.” Nettopp. Det skal eg jammen hugse på neste gong eg tek meg ein dusj. Vaske meg DER også. Takk VG, for at de ville dele denne informasjonen med meg. Og ikkje minst rådet om at eg kan pudre meg med talkum etter å ha brukt eit tørt handkle.

I mitt hovud assosierer eg understellsbehandling med Tectyl. Men eg er kanskje ikkje normal…

Dagbladet lurer på om du er forelska. Dei kan hjelpe deg til å finne ut om han eller ho verkeleg er den rette for deg. Og du treng slett ikkje ha perfekt sex frå første stund. Derimot ein psykologisk og sosial match betyr mykje for rett partnerval.

At muffins inneheld kaloriar, er vel neppe nytt. Likevel kan Dagbladet melde at ein stor muffins inneheld 390 kcal, altså like mykje som eit heilt måltid. Då kan det vere greitt at den same redaksjonen kan gje råd om korleis ”Få sprettrumpe som undertøysenglene”, og dei deler velvillig ut treningstipsa til Victoria’s Secret-modellane. Takk, Dagbladet. Men ver obs på at sprettrumpa ikkje kjem heilt av seg sjølv. Ein av modellane fortel at ho trena seks timar, kvar dag, i fem veker før eit undertøysshow. Altså: 210 timar med trening, og vips så har du ei sprettrumpe. Takk, Dagbladet.
Elles i sommar har eg fått med meg at Linnea Dale har gifta seg, Obama si dotter var på konsert med Cashmer Cat, at det var fleire som såg ”Sommeråpent” med Skibladner enn når dei sender frå Tjuvholmen og at ”Farmen”-Ingvild er blitt mamma – for første gong.

Eg føler at eg er blitt eit klokare menneske i løpet av sommaren, takka vere landets to største aviser. Kunnskapsnivået mitt når nye høgder. Alt eg no kan briljere med overfor venner og kjente på kafé eller pub.

No håpar eg berre på at ei av riksavisene snarast kan komme med ein artikkel om ”Sånn kjem du i form til Skåla Opp” på berre ei veke, og ”Dårlig form til Oslo Maraton? Vi hjelper deg til å vinne – på berre 5 veker”.

Pluss artiklar som ”Sånn kan du belme øl, utan biverknader” og ”Ny trend herjar landet: Penis-spa. 25 minutts lykke – og luktfrie ballar.”

Lenge leve den fjerde statsmakt.