Føredragsserien «Verda og vi» har så langt har vore ein suksess. Atle Nygård og Trygve Apalset gler  seg til nye høgdepunkt ut over hausten.

«Verda og vi» – Kunnskapbasert suksess

Då Gloppen Sogelag drog i gang føredrags-serien ”Verda og vi”, hadde dei neppe sett føre seg at dei skulle lokke over 1000 menneske inn i Trivselshagen.

Tekst: Roy Sunde. Foto: Aadne Gloppestad.

– Det har heilt klart overgått forventningane våre, både med omsyn til oppmøte og alle dei positive tilbakemeldingane, seier initiativtakarane bak «Verda og vi», Trygve Apalset og Atle Nygård. Dei hadde ideen til serien, og Gloppen sogelag tykte ideen var så godt at dei gjorde tanke til handling. I vår lokka tre føredrag med Christian Borch, Frank Aarebrot og Einar Lunde fylte kultursalen i Trivselshagen, med over 1000 personar totalt.

– Til saman over tusen personar var til stades på dei tre første føredraga. Vi tenkte nok at profilert føredragshaldar som Frank Aarebrot kunne trekkje mange, men at både Christian Borch og Einar Lunde skulle vekkje så stor interesse, vart vi positivt overraska over, slår dei fast.

– Det ser ut til at vi har tilfredstilt eit behov for kunnskap. Eg trur mange er leie av reality-seriar med utrøysting og reklamepausar. Dette er tilbake til den gode, gamle talen, der ein får snakke ferdig og fullføre resonnementa sine utan å bli avbroten. Ein får høve til å trekkje linjer og sjå utviklingstrekk, seier Apalset.

Saka held fram under annonsa

Ut over hausten ventar tre nye føredrag. Torsdag 29. september står sjef for utanriksredaksjonen i NRK, Knut Magnus Berge, på talarstolen. «Slik NRK ser verda» er tittelen på føredraget hans. Søndag 23. oktober er det statsvitar, politikar og professor i internasjonal politikk, Janne Haaland Matlary og «Norge i en risikofylt verden – hva nå?» sin tur. Serien blir avslutta med lege, professor og Gaza-kjennar Mads Gilbert: «Gaza; hva så jeg – hva kan vi gjøre?»

– Vi har nok ikkje like sterke namn som Aarebrot, men vi har tre dyktige føredragshaldarar i haust òg, understrekar Nygård.

– Vi må tenkje at vi skal presentere gode og interessante føredrag som kan vere ein suksess om dei ikkje trekkjer 300 tilhøyrarar. Det er viktig at dei som er der får ei fin oppleving, supplerer Apalset.

Suksessen har gjort at Gloppen sogelag har bestemt seg for ny runde med tre føredrag på våren og tre på hausten i 2017.

– Så lenge publikum er villige til å gå og betale for det, kan vi halde fram. Hadde vi slite tungt for å få det til å gå rundt økonomisk, hadde vi ikkje gidda å forsetje, seier Apalset og legg til at føredraga er enkle å arrangere i høve logistikk:   – Det er éin person og ein mikrofon. Det er ikkje særleg arbeidskrevjande.

– Føredraga i vår finansierte seg sjølve. Vi har også opparbeidd ein liten buffer å falle tilbake på om vi vel ein person som er kontroversiell eller snakkar om eit smalt tema og såleis ikkje vil trekkje like mange tilhøyrarar som vi har hatt til no, seier Nygård.