Verdas dyraste kleshengar?

Kollega Fossen, den vise, gamle mannen, seier av og til : ”Når skaren held ein vaksen mann på Sankt Hans blir det sein vår!” Med dei orda friskt i hug innsåg eg i august at Sommarkroppen 2016 (SK2016) hadde reist frå perrongen, men spora fullstendig av, brått og i høg fart.

Tekst og foto: Roy Sunde.

Lat meg seie det slik: Om den kjemiske avdelinga i det russiske idrettsforbundet hadde slått sine pjaltar saman med eit superteam av plastiske kirurgar, handplukka rett ut av A-klientlista i Hollywood, hadde eg framleis vore ute og køyre på syltynn is. Det hadde neppe vore til hjelp om dei hadde henta inn feittsugingsmaskiner som til dagleg jobba som oljesugarar på oljefelt med utblåsing.
Det einaste som kunne redda SK2016 no, var at eg hadde bygd ei tidsmaskin, reist seks månadar tilbake i tid, kleppa tak i meg sjølv og servert meg sjølv ein overdose av ”No-må-du-pina-deg-meg-skjerpe-deg-og-det-litt-brennkvikt!”.
Sjølv for ein sunnfjording som har funne på mykje fanteri i si tid, er det vel drygt å byrje å bryte naturlovene. Så det let eg sjølvsagt vere!

Eg skrinla håpet om å kunne gå i bar overkropp utan å få born til å gråte og kvinner til å gremme seg i år også. Med mindre off-white brøddeig skulle bli high fashion i august, så er eg fucked. Men sa eg til meg sjølv: «Det er aldri så vondt at det ikkje er godt for noko, så kva med ein tidleg start på Sommarkroppen 2017?»

Og det var med den tanken i hugen eg tok opp ein vane frå den tid det handla om sommarkroppen 2015, som faktisk var 12 kilo lettare enn SK2016: å gå ein kveldstur før skjønleikssøvnen. Ein halvtime her og der er vel og bra. Men ein halvtime kvar kveld, det er fanden meg rutine det! Og i det lange løp er det visstnok dei som vinn fram. Eg bestemte meg for å sette skritt-teljaren på telefonen i dagleg aktivitet igjen.

Saka held fram under annonsa

Eg tusla bort over gangbrua, over til klatreparken i Førde. Det var ein strålande sommarkveld, med litt sol, og sånn cirka nett passe med varmegrader til at sjølv eg tykte det var høveleg.   Til og med måsen syns det sto til, og heldt kjeft og tusla roleg rundt på graset. Saman med Pokemonfolket. Eller dei ruslar ikkje så mykje lenger. Dei siste vekene har dei virra rundt i sentrum, med stive blikk på skjermane, medan dei kvilelaust jakta på Pokemonnane sine. No har dei visst funne ut at dei kan lokke til seg desse i staden, så no sit dei så fint rundt om ved ulike kunstverk i Førde sentrum, og kosar seg med mobilen. Mosjonsverdien av det har gått ned, men ein skal no ikkje kimse av frisk luft. Og så har dei jo selskap av kvarandre.

Sidan eg er ein optimist, var eg fylt av livsglede der eg tusla mot ein rosa solnedgang.
”Jaggu er det godt å leve, og ikkje minst promenere, rundt om i eit sommarvarmt Førde”, tenkte eg! (Har du røykt noko eller? Sommarvarmt Førde! Merk: uroleg kollega.)

Men, sidan eg også er realist, innsåg eg noko – finveret varer ikkje evig! Snart er det slaps og sludd og regn og anna snusk, som ikkje nett gjer det så koseleg å rusle rundt her. Kva då? Kva skjer då med dagleg spaserrutine og SK2017?
Som fotgjengar til jobb eit par år no, så veit eg at det som er kjekt og triveleg i august, det er ei heilt anna verd i november og februar. Når sluddet treff deg så stort og vått i fjeset i det du stikk nasa ut at du faktisk er søkkblaut etter fire flak, og kulingen er både frisk og fin og stiv, sørpa ligg 15 cm tjukk i gatene, eller seinare når nysnøen ligg mjuk og fin, over små flekkar av verdas blankaste stålis, og ikkje minst når det er så kaldt at snørret luggar på inn- og utpust, då fell lysta til å tusle rundt i Førde sentrum rimeleg kjapt under 0.

Det blir vel nokre turar på helsestudio i haust og vinter, og det er vel og bra, men ingen dagleg rutine nett. Eg reknar sjansen for at eg gidd gå ut av huset, reise bort på treningsstudioet eg er sporadisk aktiv på, men like fullt vel å sponse året rundt, sju dagar i veka for å tusle rundt på ei tredemølle eller liknande, som såpass liten at oddsen for å vinne i Lotto blir rimeleg god til samanlikning.
To-tre turar i veka, jau det kan gå. Men eg kjenner meg sjølv så godt at eg veit at det er eit ork å komme seg ut av huset for å gå, når det regnar norsk skogskatt og dreg stiv kuling i kasta. Og ja, eg ser ironien i at eg ikkje gidd å gå ut for å gå, men likevel skal gå.

«Galskap er å gjere det same om og om igjen, og forvente eit anna resultat». Visstnok skal Albert Einstein ha sagt dette. Det veit eg ikkje om stemmer. Men det er i grunn godt sagt! Og likevel trådde eg inn i galskapen med ope sinn: Eg bestemte meg for å gå til innkjøp av ei relativt dyr maskin for trening på heimebane.
– Lat oss kjøpe oss ei slik elipse-maskin og ha inne på roterommet, sa eg til Konemor. – Sånn at vi har noko å pusle på med når kvardagane blir lange, og kulda setter inn.

Det slo meg først i det eg sa det at dette sikkert kunne tolkast som ein kommentar om meir enn min eigen kropp, sidan eg inviterte ho inn i prosjektet. Oversett til kvinsk, på feil dag, sa eg vel eigentleg: ”Eg må slanke meg. Det kan sikkert du hive deg med på også.”

Heldigvis var det ikkje feil dag. På den andre side: Eg er ganske sikker på at det ligg og modnar seg, og at eg får svi for det på eit eller anna tidspunkt lenger nede på livsvegen.
Men no pratar eg meg vekk. Du undrar vel på kva elipse-maskiner og galskap har med kvarandre å gjere? Svaret er på eit vis ikkje ein skit! Men om vi vender blikket til Einstein-sitatet igjen, så kan eg røpe at dette ikkje er mitt første trimapparat for heimebruk! Eg har hatt dugeleg med ulikt treningsutstyr i både garasje, på loft, på soverom og andre stader. Alt frå mulitistyrketreningapparat på 150 kg som kravde 4 rutemeter av rommet, til slyngetreningsutstyr som er noko meir kompakt. Ergometersykkel, elipse-maskin, trappemaskin, ro-maskin og anna knask.

Og utan unntak har det same skjedd kvar gang: eit par veker etter at eg har kjøpt inn skiten, og flittig bruk dei og tenkt: Dette er jo ikkje så ille, dette går fint å gjere ein halvtimes tid kvar kveld, eit par veker, så kjem vi til det same punktet: Det dukkar opp eit klesplagg over det eine handtaket. Så eitt på det andre. Og til slutt ser det ut som om ei bombe har gått av i klesskapet, og forvandla apparatet til ein post-apokalyptisk mutert stumtenar!

Heimetreningsapparat elskar klede! Og kleda elskar dei. Dei søkjer saman som kjærleikshungrige tenåringar. Snur du ryggen til dei i fem minutt så snik dei seg ut vindauget og ålar seg inn bak ryggen din.

Dette skjer med kvart einaste heimetreningssapparat som blir putta inn i ein heim, på eit eller anna tidspunkt. Og ingen kan etterpå gjere greie for når og korleis det første plagget kom dit. Men når det først har komme, då er slaget tapt. Då har du ikkje lenger ei heimetreningsmaskin.

Til gjengjeld er du blitt eigar av verdas dyraste kleshengar!

Men denne gongen, denne gongen skal det gå annleis. Det er eg heilt sikker på! Og om eg ikkje blir tynn, så vil hardnakka rykte ha det til at dei gærne har det godt!!! Fasiten får du juni 2017!