Ingvill satsar på omsorg

Frå lærar på Førde barneskulen, til å drive for seg sjølv med eit omsorgstilbod for eldre. Det er på papiret eit stort sprang, men Ingvill Hafstad (38) er ikkje redd for å ta det.

Tekst og foto: Roy Sunde.

Ingvill vaks opp i Naustdal, men ho har budd i Førde dei siste 15 åra. Ho er utdanna lærar ved høgskulen i Sogndal, og har dei siste 14 åra jobba på Førde Barneskule. Men i haust startar ho for seg sjølv, i si nystarta verksemd Gla» Omsorg. Konseptet handlar om å tilby eldre hjelp til sosiale og praktiske oppgåver i kvardagen.

– Det kan til dømes vere å følgje dei til lege, frisør og liknande, handle mat eller andre varer, gå tur, vere samtalepartner, hjelpe dei med matlaging og så vidare, seier Ingvill.
– Eg vil starte ei slik bedrift fordi eg vil gjere ein forskjell og fordi eg likar godt å jobbe med folk. No har eg jobba med barn  i 14 år, kvifor ikkje prøve ei anna målgruppe? Det høyrer også med at eg ofte høyrer om heimehjelper og pårørande som har dårleg tid og ikkje får tatt seg av dei eldre så mykje som dei vil. Ideen ramla ned i hovudet mitt i vinter på ein biltur. Eg tenkte på mi eiga bestemor i Sogn som er 91 år og bur heime.  No bur pappa der inne, men hadde han ikkje det hadde eg absolutt ville betalt nokon for å stikke innom ho eit par timar i veka for å sjå til ho og høyre om ho hadde det ho trengte eller om det var noko ho hadde lyst til å finne på, slår ho fast.

– Målet er å skape min eigen arbeidskvardag.  Målgruppa er dei eldre i Førde og i kommunane rundt Førde. Eg håpar at dette blir jobben min framover og at eg kan få hjelpe dei eldre i. Eg tenker at det må vere ein tryggheit både for dei eldre, men også dei pårørande at det er ein fast person som kan komme til dei.

Saka held fram under annonsa

Overgang

– Er det ikkje skummelt å kaste seg ut av læraryrket og over i privat sektor?

– Jo, det er sjølvsagt veldig skummelt! Eg har hatt ein trygg og god arbeidsplass ved Førde barneskule i 14 år med gode kollegaer og elevar. No står eg plutseleg åleine om alt. Men eg ser på dette som noko spennande og utfordrande, eg lærer mykje nytt og eg treff nye, kjekke folk overalt, seier ho og fortel at ho nok kjem til å sakne å jobbe med barn.

– Eg kjem heilt klart til å sakne gleda ved å lære ungar noko og den iveren og impulsiviteten dei viser kvar dag i klasserommet og ute. Ungar er så utruleg lette å bli glad i og dei vil så gjerne lære. Siste dagen på jobb før sommarferien var ei tårevåt affære. Eg hadde bestemt meg for at eg skulle iallfall klare å halde meg unna tårene til dei skulle gå heime den dagen, men klokka var cirka 1 min over 9 når dei første tårene kom, seier ho.
– Desse fantastiske snille elevane kom bort med brev og gåver i det klokka ringte inn, og då var alle sluser opne.  Samtidig skal det bli godt å sleppe å tenke på alt det andre rundt lærargjerninga. Som lærar vert ein aldri ferdig på jobb, eg gjekk ofte å tenkte på både ting eg skulle gjort, og ting om elevane som eg bekymra meg for. Sånn er det nok i mange jobbar, men det er noko spesielt med ungar. Ein føler eit stort ansvar og det er mykje større press på elevane no enn for berre nokre år tilbake. Det kan nok bli litt slik i denne jobben eg skal til med og, at eg vert glad i dei eldre og tenker på dei utanom jobb også, men det ser eg eigentleg berre på som positivt. Det viser vel at ein bryr seg og det er vel det viktigaste i ein slik jobb.

Fire kjappe:
– Som førdianar: Kva forhold har du til resten av Sogn og Fjordane, og kva nyttar du fylket til?
– Eg har eit sterkt forhold til Sogn, sidan mamma kjem frå Vik, pappa kjem frå Gaupne og eg sjølv gjekk på høgskulen i Sogndal, flotte plassar alle. Svigerforeldra mine har hytte i Stryn, så det er ein plass eg er blitt glad i. Skiløypene på Ullsheim er jo heilt fantastiske og camping i Oldedalen kan også anbefalast. Elles har vi ikkje somla oss til å sjå på den nye utsikten på Gaularfjellet, så det er neste punkt på lista mi.

– Kva gjer deg lukkeleg?
– Det er å vere saman med familien min, gå turar i fjellet, trene, vere saman med venner og ta seg ein fest i ny og ne. Eigentleg er eg blitt mykje flinkare til å sette pris på kvardagslukka. Det at vi er friske, har jobbar, familie og venner rundt oss. Eg har to gutar på 9 og 11 år, og har fleire gongar sagt til dei at det er heile tida noko å sjå fram til. No ein dag rett før skulen byrja att etter sommarferien, var ikkje eldstemann så klar for å begynne igjen. Eg ramsa eg opp ting vi skulle i haust og då sa han, «mamma, det er alltid noko å glede seg til. » Då tenkte eg yes! Han har skjønt det!

– Kva ser du mest fram til nett no?
Nett no er det å komme i gang med den nye jobben min. No har eg hatt ein lang sommarferie og brukt desse siste vekene til alt som må ordnast praktisk før ein kan starte ei bedrift, så no vil eg gjerne komme i gang med det eg skal, nemleg ta meg av eldre for å lette kvardagen deira.

– Kven frå Sogn og Fjordane burde intervjue i denne spalta?
– Det må bli min tidlegare kollega og overordna, Ove Farsund. Ein utruleg kul og jovial type som alle elevane ved Førde barneskule ser opp til. Han også er innehavar av sleggerekorden i fylket på 36.året!