Miriam Prestøy Lie. Bak henne finn ein Jakob Sande-tunet og Tusenårssstaden, der dei skal lage overlevingspark.

Snart er teater meir pop enn fotball i Fjaler

Å lage ein teaterfestival i Fjaler høyres ut som ein ide som kunne bli slitsam å få til. Men det var nett det Miriam Prestøy Lie, Torkild Sandsund , Ingeborg Tysnes Oppdøl og Ingrid Hansen gjorde i 2013. 15.-18-september arrangerer dei Teaterfestivalen i Fjaler for fjerde gang.

Tekst: Roy Sunde. Foto: Privat/Eva Meier

Miriam kjem eigentlig frå Nesodden, men ho vart sambuar med dalekaten Torkild Sandsund. Sidan ho har 50 prosent av røtene sine på andre sida av Dalsfjorden, vart dei til slutt samde om å ta med borna og flytte til Dale. Slikt kan det fort bli festival av.
– Ideen om Teaterfestivalen i Fjaler oppsto i eit godt fellesskap, mellom oss som no styrar den. Vi hadde jobba nokre år med å produsere framsyningar her, og Fjaler var i ferd med å bli ein kjend stad i norsk scenekunst. Vi hadde jobba mykje for å få til eit eigna produksjonslokale for teater, utan å lukkast. Festivalen vart ein måte å sjå saka frå ei anna side; ok, sa vi. Vi har ikkje teaterbygg, men kvar har vi da ? Svaret på det var mellom anna eit veldig godt nettverk i norsk scenekunst, ein enormt bra opparbeida dugnadskultur lokalt, og ein kommune med mottoet: eit ope samfunn. Så vi bygde ein festival på det, smiler Miriam Prestøy Lie (35).

– Den første festivalen i 2013 var ein test. Men alt på dag to av den var vi samde om at dette var ein braksuksess. Og at festivalen var komme for å bli. Og kvart år bygger vi festivalen rundt tema som speglar kvar vi er. I 2013 var det «Perifere forteljingar». I 2014 «Skog», i 2015 «Fjord», og i år har vi satt «Ras» som overskrift.

Alle vil Sogn og Fjordane

– Hadde de trudd festivalen skulle feste seg så godt som den har gjort?
– Alle elskar jo å komme til Sogn og Fjordane, – så eg er ikkje overraska over at festivalen fekk eit solid feste i scenekunstfeltet. Vi visste at vi skulle lage ein bra festival, at vi er flinke til å invitere og arrangere. Men det som gjør meg glad er at festivalen har blitt så godt tatt imot lokalt. At folk beveger seg litt ut av si vante sone, og går på ei framsyning dei kanskje ikkje veit noko om – det gjer meg glad. Og folk kjem. Det er berre er eit spørsmål om tid før teater er meir populært enn fotball her i Fjaler. Neida, spøk til side. Billettsalet har auka mange hundre prosent sidan første festival. Då selde vi ein billett før festivalen starta. Til svigermor, ler ho og fortel at teater både er yrke, hobby og lidenskap.

Eg jobbar frilans som teaterregissør, både på institusjon teater og i det frie feltet. Sist aktuell her i fylket i med regi/dramatisering av «Så vakker du er» av Brynjulf Jung Tjønn, som eg laga i samarbeid med Thea Hjelmeland, og som turnerte i vår med Sogn og Fjordane Teater. Elles er eg inne i mitt andre år som Husdramatikar ved Dramatikkens Hus i Oslo, noko som betyr at eg akkurat no jobbar med å skrive ny scenetekst, som skal testast på scena over jul. Dette er jobben min, medan det å lage Teaterfestivalen i Fjaler er ein god hobby, der eg samarbeider med andre, seier ho.

Saka held fram under annonsa

Dugnad opp og ned i mente

Festivalstyret består av Miriam, teaterprodusent Ingrid Hansen, kulturleiar i Fjaler Ingeborg Tysnes Oppdøl og teaterregissør Torkil Sandsund. Det ligg enormt mykje arbeid bak ein slik festiva. Frå søknadsskriving og planlegging til ferdig festival er det snakk om fleire månader med fulltidsjobbing.
– Det meste av organiseringa skjer på dugnad, der er nok vår festival heilt i særklasse. Men heldigvis ikkje vi i styret aleine. Vi har eit enormt bra nettverk av frivillige som ikkje berre bidreg til at festivalen blir noko av, men som og bidreg til at alle dei som kjem føler seg varmt velkomne. Frå dei blir henta av frivillige i private bilar på flyplassen, til dei får bu heime hos folk i bygda, til dei blir møtt med eit smil på festivalkafeen, eller slår av ein prat med det lokale tekniske mannskapet, som står og riggar til langt på natt. For oss er festivalen sjølve møtet mellom bygda og kunsten, og vi er opptekne av at desse møta skal skje på fleire nivå enn berre gjennom mellom sal og scene, seier ho

Scenekunst i eit breitt spekter

På spørsmål om kvifor ein bør kjenne komme på festivalen, kjem svaret kontant.

– Ein får sjansen til å sjå scenekunst i eit bredt spekter av sjangrar, av høg kvalitet. Det er noko ein ikkje ofte får her i fylket. På ei helg kan dei oppleve alt frå Else Kåss Furuseth sin sjølvopplevde, og heilt spesielle, sorg-komedie «Kondolerer», til Statsteatrets skarpladde og politiske satire «1930 Diktatoren», til årets festpillframsyning «Kjære Europa». Dei kan oppleve verdas einaste einmanns panorama-teater på hjul, dei kan oppleve å få servert sitt siste måltid i den finske framsyninga «Executed stories», eller dei kan delta på årets heilt spesielle familiedag, der vi har laga ein overlevingspark med aktivitetar for heile familien. Vi har så mange storhendingar på programmet at eg berre anbefaler å pakke teltet, sette resten av livet på vent, gå inn på heimesida vår og bestille billetter før det er for sein, slår ho fast!
– Kva er drømmen for Teaterfestivalen i Fjaler på sikt?
– Vi har alt begynt å planlegge framsyningar for neste år. Mellom anna vil vi stå som co-produsentar for prosjekt som skal produserast her i Fjaler i løpet av året, og som skal visast både på festivalen og andre scener i landet. Her har vi samarbeid med både nasjonale institusjonar og lokale aktørar. Slik likar vi å jobbe. Elles er det nok ein drøm å få opp eit eiga teaterlokale for både produksjon og visning, og viss vi kunne legge til eit par tekniske og administrative stillingar, så ville det ikkje være å forakte.

Fire kjappe:

– Du bur i Fjaler. Kva forhold har du til resten av Sogn og Fjordane?
– Eg kjem frå Nesodden, men med ei mor frå Askvoll, brukte eg alle mine barndoms sumrar i Sunnfjord. Difor trudde eg, for å være ærlig, at dette berre var ein ferieplass. At ein kunne bu så langt unna resten av verda, det trudde eg ikkje. Overraskinga var difor stor, både for meg og mor mi, då eg kjøpte hus i Dale i 2007. Til å byrje med var eg berre her på ferie, det at eg plutseleg budde her kom litt snikande. Men Sogn og Fjordane er eg oppriktig glad i. Det kjennes som å bu i eit eventyr, og det er det som held meg her. Eg elskar å reise på biltur til stader i fylket, om enn berre for å lese stadnamn og sjå på landskap. Det er så mykje vakkert her at lista er endelaus. Etterkvart som eg har budd her nokre år, har eg fleire favorittplassar. Vevring er ein god nummer ein, med verdas finaste kunstutstilling i verdas vakraste natur, eg elskar Kinn, kor eg har satt opp spel nokre år, Balestrand og Kvamsøy, der det skjer mykje spennande i både kultur og natur. For å nemne nokre.

– Kva gjer deg lukkeleg?
– Lukke er ein flyktig kjensle som kan oppstå nesten av kva som helst, godt vær og gode smil, men eg trivast godt når eg får til noko som i utgangspunktet var vanskelig. Når eg ser at det blir bra. Og aller helst i lag med andre.

– Kva ser du fram til nett no?
– Eg gleder meg veldig til å ta med meg dei to største ungane mine på «Nå løper vi» ein dokumentarframsyning for born av Pia Maria Roll. Ei framsyning om eit søskenpar på 3 og 8 år frå Kurdistan, som var på flukt i åtte år før dei fekk asyl i Noreg. Dei utdanna seg begge til skodespelarar, og står sjølv på scena og fortel si eiga historie tilpassa eit barnepublikum. Framsyninga har fått enormt gode kritikkar, og er nominert både til Heddapris og Kritikarprisen for beste framsyning i år. Eg er særs oppteken av at ungar skal få sjå bra teater, som utvidar deira syn på verda.

– Kven frå Sogn og Fjordane burde vi intervjue i denne spalta?
– Oda Kirkebø Nyfløtt frå Førde ! Ho er eit skodespelartalent ein verkeleg skal sjå opp for. Etter at ho utdanna seg på teaterskolen Jaques LeCoqe i Paris, har ho danna kompaniet The Krumple. Dei jobbar med fysisk teater og har utvikla ein særegen sjanger, der det er stort rom for både humor og poesi. Dei kjem til festivalen med heile to framsyningar -«Yokai» og «Go to sleep, goddammit». Desse framsyningane har blitt publikumsfavorittar på festivalscener i både Europa og USA, og no kjem ho altså til heimfylket.