Åmot Operagard blir Villa Åmot

Åmot Operagard blir til Villa Åmot. No skal dei reindyrke opplevinga av ”Det gode liv på landet”. Inspirasjonen kjem frå Tante Rollaug – den siste mjølkebonden på Åmot.

Tekst: Roy Sunde. Foto: Privat/Dagrun Reiakvam

– Vi driv ikkje gard, så namnet var litt misvisande. Mange tenker og at vi ”sel opera”. Men det vi eigentlig sel er ”det gode liv på landet”: God mat, gode opplevingar og det vesle ekstra, i luksuriøse rammer i eit idyllisk, landleg kulturlandskap, kopla med historia til Åmot og folka der, seier Steinar Sørlie, som saman med Yngve Leknes Brakstad er vertskap på Villa Åmot.
Eventyret om Villa Åmot fekk sin spede start for 126 år sidan. Søren Aamot, bror til Steinar sin oldefar Jakob, vaks opp i Bygstad – men flytta til Bergen der han jobba som byggmeister.
–I 1852 kjøpte Søren Åmot, med mål om å skape eit mønsterbruk. I 1890 bygde han Sveitservillaen. Sidan har Åmot vore samlingsstad for familien. Der naut dei det gode liv på landet. Det nye namnet gav seg jo sjølv – Søren bygde jo ein villa, smiler han.

Arven etter tante Rollaug

Inspirasjonen som vertskap hentar dei frå Steinar si tante Rollaug.

– Når eg kom på besøk frå Bergen som liten gut, møtte Rollaug meg alltid med ein klem på tunet. Og vi måtte vi ete fyst. Bordet sto klart når vi kom. Rollaug var utruleg glad i historia til garden, og delte raust av den, smiler han.
Villa Åmot er medlem av ”De historiske hotel og spisesteder”. Ein kjede med sterkt fokus på historieforteljing, vertskap, god mat og å det yte det vesle ekstra.
–Rollaug møtte folk med omsorg, god mat og det vesle ekstra, utan å tenke på det som noko spesielt. Det var naturlig for ho å ta vare på folk. Arven frå tante Rollaug – kjensla av det vesle ekstra –ønskjer eg og Yngve no å formidle i enno sterkare grad til gjestane våre. Namnet Villa Åmot signaliserer at vi knyt oss tettare til røtene våre, dyrkar ”det gode liv på landet-opplevinga” sterkare og set enno meir trykk på historieforteljinga. Vertskapet er det same, og Christel Eide lagar framleis maten av råvarer vi får levert på døra av våre bondenaboar, samt urter og grønsaker frå eigen hage.

Vertskapet på Åmot – Steinar og Yngve. Foto Dagrun Reiakvam.

Rettar blikket også ut i verda

Neste år vender Villa Åmot også blikket ut mot verda.

–Vi har mest lokale gjestar, og dei er viktige for oss, men vi får mange tilbakemeldingar om vi har eit produkt som høver godt internasjonalt. I 2017 satsar vi sterkare mot utlandet. Då må namnet fungere like godt i Førde, som i Paris. Åmot Country Villa og Villa Åmot speglar det vi driv med betre enn då vi hadde farm i namnet. Vi driv ikkje gard – vi sel det gode liv på landet, seier han og fortel at bedriftsmarknaden også er ei viktig satsing.

– Moderne møtefasilitetar, i kombinasjon med resten av tilbodet vårt, gjer Villa Åmot til ein flott arena for både bryllaup, styremøter eller ei helg med gode vener. Vi skreddarsyr opphaldet etter gjesten sitt ønske. Gården er din – og berre din – så lenge du ønskjer, er vårt motto, seier han.

Frykt ikkje – låven på Åmot skal også i framtida fyllast med både opera og konsertar og andre former for kultur.

Stiftinga Operagarden

Kultur har vore ein viktig pillar frå dag ein, og blir det også for Villa Åmot.
– Scena på Åmot skal brukast til alt frå TV-produksjon, konsertar, kultur-workshop og litteraturkveldar, lovar han og fortel at operadelen frå no av skjer via stiftinga Operagarden.

– Vi er avhengig av samarbeidsparter for å tilby opera i Sunnfjord, både i form av kunstnariske samarbeid, som med Bergen Nasjonale Opera – og aktørar som bidreg med midlar, til dømes stiftingar som deler ut pengar til ålmennyttige føremål.

Stiftinga Operagarden har eit ideelt formål: Å formidle opera og klassisk musikk på høgt internasjonalt nivå. Og å skape eit operahus med eit formål: Åmot skal bli ein møteplass mellom internasjonale og regionale songarar og musikarar. Her skal talentfulle unge menneske få møte dyktige musikarar og songar workshops og kompetanseheving. Det gler vi oss til. Og ikkje minst til å vere vertskap for både musikarar og andre gjestar, avsluttar Steinar.