Årets skumlaste dag

Vi er i slutten av oktober og nærmar oss Halloween. Det er mange ulike syn på feiringa av den amerikanske tradisjonen med Halloween i Norge. Vi reiste ut og snakka med folk om kva dei tykker om Halloween.

Tekst og  Foto: Ane Hunvik, Rakel Vilnes Helgheim og Vilde Hornnes.

Halloween blir feira 31.oktober kvart år. Det er opphavleg ein tradisjon frå USA, men har blitt meir og meir vanleg i Norge. Denne dagen er det vanleg å kle seg ut i skumle kostymer. Typiske fargar på denne dagen er svart og oransje. Mange pyntar huset med graskar og lys, særleg i USA.
For ungane er det nok knask eller knep som er det mest spennande med denne dagen.
Knask eller knep går ut på at ein kler seg ut og går rundt på dører og seier ”knask eller knep” for å få godteri. Om dei ikkje får noko knask, kan det føre til at dei kan bli sure og gjer ulike knep.

Vi tok turen ut for å høyre om folk veit kvifor vi feirar Halloween.

Astrid Marie Verlo Sundal (46) er samfunnsfag- og norsk lærar på Halbrend skule. Ho forklarar kvifor vi feriar Halloween.

Det er eigentlig ein amerikansk skikk der ein feirar allehelgensdag, det er også til minne om dei døde. Også kler ein seg ut i skumle kostymer og går knask eller knep, seier ho.
Halloween blir på norsk kalla allehelgensdag. Det er opphavleg ein katolsk tradisjon for å minne dei avdøde, som først blei feira i USA.

– Feira du halloween sjølv?
Visst det kjem nokon på døra mi får dei godteri. Sonen min pleier også å kle seg ut vist han vil det, så eg feirar litt. Eg har ikkje pynta til Halloween kvart år, men siste åra har eg pynta med litt graskar og forskjellig, legg ho til og fortel at ho sjølv ikkje gjekk knask eller knep når ho var ung.

Då gjekk vi berre julebukk, for då var ikkje Halloween kommen hit. Eg er så gammal veit du, seier ho med eit stort smil.

– Men eg synast det er kjekt at Halloween har blitt ein tradisjon her i Norge også. Og eg forstår at ungane synast det er gøy å kle seg ut i skumle kostymer og spør etter godteri. Det er ein kjekk ting for dei å gjere.

Astrid Marie Verlo Sundal veit kvifor vi feriar Halloween.

– Har du nokon gang opplevd at nokon driver med knep?

– Nei, eg har heldigvis ikkje opplevd det. Men eg kjenner nokon som har fått egg kasta på huset sitt. Dei vart forferdelig irriterte.

– Pleier du å få mykje folk på døra?

– I fjor kom det nesten ingen på døra mi, og eg har lurt på kvifor det. Eg snakka derfor med elevane mine og dei har fortalt at dersom man skrur av lyset utanfor huset, teke folk det som eit teikn på at man ikkje feirar halloween. Men eigentlig tok eg av lyset for at graskaret mitt som står på trappa, skulle sjåast betre og sjå meir skummelt ut, ler ho.

Vi hadde utplassert…

Vi hadde besøk av utplasseringselevane Ane Hunvik, Rakel Vilnes Helgheim og Vilde Hornnes, frå tiande klasse på Halbrend Skule, i tre dagar. Og vi kasta dei rett ut i kvardagen som journalistar. (PS: Dei fekk lov å sitte inne og jobbe. )

Vi er tre jenter frå Førde som heiter Ane, Vilde og Rakel. Vi går på Halbrend ungdomskule, i 10. klasse. Alle tre er 15 år gamle og går i same klasse. Favorittfaga våre er norsk og samfunnsfag, det er ein av grunnane til at vi hadde lyst å besøke Fylkesmagasinet.

I veke 43 har vi vert på utplassering for å få litt meir kunnskap om vidaregåande skule og arbeidslivet. Måndag og tysdag var vi på media- og kommunikasjon på Hafstad vidaregåande skule. Frå onsdag til fredag har vi vore på Fylkesmagasinet. Her har vi laga ein artikkel og ein film om Halloween. I filmen er det klipp frå då vi var i sentrum og intervjua tilfeldige folk vi møtte. Der fekk vi vite ulike oppfatningar om kvifor vi feirar Halloween.

Vi har hatt ei veldig kjekk veke. Vi har lært og opplevd mykje på kort tid. Og etter utplasseringa har vi fått endå meir lyst til å jobbe med noko innan media. Media- og kommunikasjon er sterkt vurdert til neste år når vi skal søke vidaregåande skule. Det verkar som ei spennande retning å gå.

Under finn du jentene sine tips til skumle filmar på Halloween…

Filmtips til Halloween

Tittel: The Conjuring

Sjanger: Skrekk, mysterie, thriller

Rangering: 7,5/10

Aldersgrense: 15

Tittel: Insidious

Sjanger: Skrekk, mysterie, thriller

Rangering: 6,8/10

Aldersgrense: 18 år

Tittel: Saw

Sjanger: Skrekk, mysterie, thriller

Rangering: 7,7/10

Aldersgrense: 18 år

Tittel: Lights Out

Sjanger: Skrekk, thriller

Rangering: 6,5

Aldersgrense: 15 år