Det er i motbakke det går oppover…

Då Tone Lin Støfring Skovro (43) takka ja til jobben som dagleg leiar i Førde IL Fotball for tre månadar sidan, hadde Førde nett skyfla Brann ut av cupen, og dei fleste såg lyst på årets sesong. Då ho byrja i jobben hadde biletet snudd litt…

Lengtar heim

May Grethe Lerum forlèt heimbygda Sogndal for å utdanna seg då ho var yngre. Og så vart ho der ute i verda. Men no er ein av Norges mestseljande forfattarar byrja å snuse på heimtraktene igjen.

Elektriske tilstandar på Årdalstangen

Framover skal Marcus og Martinus spele på Operataket i Oslo, Tivoli i København og to utselte (!) konsertar i Oslo Spektrum. Men først er dei på Målrock på Årdalstangen i dag.

Ronny – Norge blidaste mann?

Om du slår på P3 Morgen på radioen, så er Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Nerby der. Like blide, kvar einaste morgon, trass at dei må opp klokka 5. Er du verkeleg så blid om morgonen Ronny?

Sommargal stryning

Når sommarvarmen stig (i alle fall i teorien) vaknar Roy Aron Myklebust (38) til liv. Den ivrige revymannen brukar kvart år å vere med å lage SommarGale Stryn. Etter eit kvileskjer i fjor, er dei klar for ny innsats i år.

Full Fres

Håvard Ese Eliassen (34) har ein master i filosofi, han er nettredaktør, og ikkje minst festivalsjef for Fres Festival i Fresvik. Med Veronica Maggio fekk dei ein artist på topp tre skrytelista si.

Vil ikkje bruke heile livet på same kontor

Forholdet til sjøen er livslangt, sjølv om Kristian Valaker vaks opp inst i Førdefjorden. No skal han selje båtreiser.

God arkitektur er så mykje meir enn fine bygg

Villa H vann byggeskikkprisen i Førde 2016. Bak står arkitekt Tore Hillestad (35), som jobbar i Xform AS og er leiar i Sogn og Fjordane Arkitektlag.

Vemund set fart mot framtida

Samtidig med at han byrja på vidaregåande skule som 15-åring, starta Vemund Eldegard selskapet Elde, som satsa på naturlege, økologiske hudpleieprodukt. Det siste året har han vore gründer på fulltid. Det har gitt eit hektisk og lærerikt år.

Karoline fekk ei aha-oppleving

Karoline Førde Oppheim (23) tok nyleg til som marknads- og kommunikasjonsmedarbeidar i Framtidsfylket. Ho tok jobben fordi ho er stolt av eige fylke, og ønskjer å vere med og forma framtida til Sogn og Fjordane.